Kort fortalt

Færre økonomioptimistar

Berre ein av ti spurde trur på lysare tider for økonomien framover.

24.01.2022

Det viser Norsk koronamonitor frå Opinion.

– Det er lite optimisme å spore i Noreg for tida, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I januar seier berre 10 prosent av befolkninga at dei trur den økonomiske situasjonen i Noreg vil bli betre den neste månaden. 34 prosent trur den økonomiske situasjonen blir dårlegare, medan 56 prosent trur økonomien blir ståande uendra.

Likevel er vi ikkje fullt så pessimistiske som vi var i desember. Då svarte nesten halve befolkninga (48 prosent) at dei trudde den økonomiske situasjonen i Noreg ville bli dårlegare framover.

Samtidig seier berre 35 prosent av dei spurde at dei har tillit til at regjeringa har sett i verk dei nødvendige økonomiske tiltaka for å avgrense skadeverknadene på norsk økonomi. Dette er lågaste nivå Opinion har målt under heile pandemien, og 1 prosentpoeng lågare enn i desember.

– Historisk låg tillit må nok sjåast i lys av straumkrisa, at det har teke tid å få krisepakkar på plass, og at smitteverntiltak rammar mange, trur Clausen.

Publisert: 24.01.2022 07:14

Sist oppdatert: 24.01.2022 07:16

Mer om