Kort fortalt

Færøyane held turiststengt

Skal gjennomføre storstilt dugnad.

20.02.2019
NPK-NTB: Færøyane stenger øyriket for turistar den siste helga i april for å gjennomføre dugnad.
Ei aukande mengde turistar har byrja å sette spor i enkelte naturområde på Færøyane. Derfor blir Færøyane stengt for alminnelege turistar siste helga i april for å gjennomføre dugnad.
Utanlandske frivillige som ønsker å hjelpe til, kan likevel møte fram. Det er sett av plass til rundt 100 besøkjande som kan melde seg som frivillige. Dei vil få gratis kost og losji for å hjelpe til med dugnaden.
– For oss handlar turisme ikkje berre om tal. Vi byr med glede besøkjande velkommen kvart år. Men vi har òg eit ansvar overfor lokalbefolkninga vår og den vakre naturen vår som vi vil verne, slik at vi også framover kan sikre ein berekraftig og ansvarleg vekst i talet på turistar, seier Guðrið Højgaard, direktør for Visit Færøyane.
Under dugnadshelga skal det mellom anna setjast opp vegskilt, blir etablert stiar og utsiktspunkt.
Rundt 110.000 turistar kjem til Færøyane kvart år. Veksten har vore på rundt 10 prosent dei siste par åra.
Det bur rundt 50.000 menneske og 80.000 sauer på Færøyane.

Publisert: 20.02.2019 15:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35