Kort fortalt

Følsvik melde avbod til Ålesund

Kom ikkje til politisk møte.

Marius Rosbach
21.08.2023

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik måtte melde avbod til eit politisk møte i Ålesund måndag kveld.

Årsaka var eit sentralstyremøte i Arbeiderpartiet som blei flytta, opplyser Hans-Christian Vadseth hos ein av arrangørane, First House, til NETT NO.

Følsvik skulle etter planen møte mellom anna NHO-leiar Ole Erik Almlid til debatt om kva som skjer med tilliten mellom politikarar, næringsliv og organisasjonar når det offentlege ordskifte blir stadig tøffare.

Publisert: 21.08.2023 18:40

Sist oppdatert: 21.08.2023 18:40

Mer om