Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal foto marius
Dagleg leiar og medeigar Jan Endre Vartdal (t.v.) eig Vartdal plast-konsernet saman med syskena Sindre og Ingvild. Dei siste åra har dei teke rekordstort utbytte frå bedrifta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fryktar nedbygging av privat næringsliv

– Vi tek ut alt for mykje, seier Vartdal Plast-sjefen om utbytte han og syskena tek for å handtere skatterekninga.

Marius Rosbach
21.08.2023

Vartdal Plast-konsernet har lagt bak seg nokre gode år med vekst og solide overskot. 2022-rekneskapen som NETT NO omtala førre veke, viser også at eigarane tek ut langt større utbytte enn tidlegare.

Både etter fjoråret og 2021 vart det teke ut 18 millionar kroner.

Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal fortel at det er ein direkte konsekvens av det auka skattetrykket på bedriftseigarar frå den raudgrøne regjeringa.

– Vi har ikkje pengane som trengs på privatkontoen til å handtere det skattetrykket som kjem no, seier han til NETT NO.

Skulle helst brukt pengane annleis
Jan Endre Vartdal eig bedrifta saman med syskena Sindre og Ingvild Vartdal og legg ikkje skjul på at dei gjerne skulle brukt pengane annleis.

– Eg er bekymra fordi det ikkje er i tråd med vår policy i bedrifta. Vi tek ut alt for mykje i forhold til å kva vi burde hatt til å handtere investeringsbehovet i bedrifta, seier han.

Ørsta-konsernet er ikkje åleine om å ta ut store beløp frå bedrifta. Resultatsakene i NETT NO har dei siste åra fortald om rekordutbytter i ein rekke lokaleigde bedrifter.

Meiner situasjonen ikkje er berekraftig
Jan Endre Vartdal er ikkje overraska over utviklinga – og fryktar at konsekvensen på sikt blir nedbygging av privat næringsliv.

– Det kan nok gå greitt eit år eller to – eller fem. Men eg fryktar for dei langsiktige konsekvensane, seier han.

Bedriftsleiaren meiner situasjonen verken er berekraftig for næringslivet sjølv – og for å kunne finansiere velferdsstaten i framtida.

– Vi må skape arbeidsplassar og verdiar - før vi fordelar, legg han til.

Han påpeiker at auken i formuesskatt og utbytteskatt no rammar langt meir enn milliardærar – ikkje minst mange små og mellomstore bedrifter med lokalt eigarskap.

Lars Oscar Fossen Øvstegård møte foto marius
VIL TA UT SØKSMÅL: Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal (t.h.) er ein av støttespelarane til Lars Oscar Fossen Øvstegård (t.v.) som planlegg å saksøke staten fordi han meiner formuesskatten er diskriminerande. Foto: Marius Rosbach

Skuffa over leiande politikarar
Samtidig som Vartdal opplever meir forståing for situasjonen hos dei tilsette og i lokalmiljøet, er han skuffa over leiande politikarar på venstresida som han meiner bidreg til polarisering.

– Vi er nøydd til å utvikle landet i lag og politikarane må i det minste behandle folk i næringslivet med respekt, seier han.

Det er noko av bakgrunnen for at bedriftsleiaren vil engasjere seg i NHO, der han har gått inn som nestleiar Møre og Romsdal-avdelinga sitt styre.

Podium

E21/S4 Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?

LO- og NHO-leiaren til Ålesund
Denne veka arrangerer NHO fleire politiske møte der næringspolitikk og aukande polarisering er tema.

Måndag kveld kjem både NHO-leiar Ole Erik Almlid og LO-leiar Peggy Følsvik til Ålesund for å snakke om kva som skjer med tilliten mellom politikarar, næringsliv og organisasjonar når det offentlege ordskifte blir stadig tøffare.

Tidlegare styreleiar i NHO Møre og Romsdal, Karl Inge Rekdal, hadde før helga eit innlegg på NETT NO der han skriv at tilliten mellom partane i næringslivet står på spel.

Tysdag er det næringspolitisk møte om samarbeid mellom det offentlege og private – og korleis politikarane kan skape betre rammevilkår for næringslivet.

Publisert: 21.08.2023 09:09

Sist oppdatert: 24.08.2023 12:15

Mer om