Først med flyttbar havvind
Odfjell med nytt konsept.
(NPK): Selskapet Odfjell Oceanwind skal produsere flytande og flyttbare vindturbinar til oljeindustrien i 2024. Dei blir først i verda med eit slikt konsept.
– Odfjell har lang erfaring med stålriggar i røft vêr. Det er denne kunnskapen som gjer havvindsatsinga vår mogleg, seier Per Lund, direktør for havvindsatsinga i Odfjell, til E24.
Målet er masseproduksjon av flytande og flyttbare vindturbinar som skal forsyne olje- og gassinstallasjonar med elektrisk kraft.
– Vi planlegg for produksjonsstart i 2024 og vil om nokre år kunne produsere opp til 100 einingar årleg, seier Lund.
Med tre flytande bein skal turbinane etter planen standardiserast og skruast saman i serieproduksjon. Turbinane blir flyttbare og skal koplast direkte til olje- og gassinstallasjonar. Dei kan derfor få unnatak frå havenergilova.
– Dei blir regulerte etter petroleumslova. Derfor kan vi kome raskt i gang, fortel Lund.
Planen er å leige turbinane ut til oljeselskap, eller eventuelt av skattemessige årsaker, å selje dei med ein tilbakekjøpsavtale.
(©NPK)
Publisert: 09.03.2022 11:42
Sist oppdatert: 09.03.2022 11:43