Først med lærlingar i mediefag
På plass i Møre og Romsdal fylke.
(NPK): Det er heilt nytt med digitale mediefag og dei første lærlingane i bedrifter er alt på plass i Kristiansund og Molde.
No håpar Møre og Romsdal fylkeskommune at fleire melder seg både som lærlingar og lærebedrifter i desse faga.
– Fordi vi er tidleg ute, kan vi vere med på å påverke korleis opplæringskontor rundt i landet gjennomfører opplæringa for lærlingar i desse nye faga. Oppgåva vår no er å utarbeide solide opplegg for undervising og opplæring, både for dei som har droppa ut av skulen tidlegare, eller som av andre grunnar ynskjer å melde seg som lærlingar i ei opplæringsbedrift, seier Roy Arild Tvedt, rådgivar for opplæring i bedrift hos fylkeskommunen.
Læreplanen for dei tre nye digitale mediefaga kom for berre eitt år sidan, og ordninga med fagbrev er heilt ny. Dette gjeld mediedesignfaget, som Møre og Romsdal no er kopla på, og medieteknikk og innhaldsproduksjon.
Erling Waldeland Gautvik har fått lærlingplass i merkevarestudioet Tingh i Molde.
– Det er storveges å kunne gå i lære hos ei bedrift i staden for å sitje på skulebenken. Her ser du kva bransjen held på meg, og du får innsikt i kva marknaden vil ha, seier han.
Sjefen hans, Barbro Sylthe Moen, er særs glad for at dei kan bidra som lærebedrift.
– I bransjen vår endrar verda seg fort, og ein ung og engasjert lærling på plass er utviklande for oss. Den nye læreplanen passar godt for oss som arbeider multimedialt, med bodskap som rettar seg mot mange kanalar, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 28.09.2022 17:17
Sist oppdatert: 28.09.2022 17:18