Kort fortalt

Fleire bankar med rentehopp

DNB først ute. Andre følgjer etter.

24.09.2021

DNB set opp bustadlånsrenta med 0,25 prosentpoeng etter at Noregs Bank torsdag offentleggjorde at dei hevar styringsrenta med like mykje.

– Når Noregs Bank no hevar styringsrenta, legg vi ein historisk periode med nullrente bak oss. Vi går mot normalisering. Sjølv etter denne justeringa vil bustadlånskundane våre framleis ha ei svært låg rente, seier Ingjerd Blekeli Spiten, konserndirektør for personmarknad i DNB.

DNB blir dermed ein av dei første bankane som hevar bustadlånsrenta etter at Noregs Bank torsdag heva styringsrenta til 0,25 prosentpoeng. Styringsrenta hadde før torsdag lege på 0 prosent sidan 7. mai i fjor.

DNB seier at nye renter gjeld frå 28. september for nye kundar, og frå 12. november for eksisterande kundar.

Sparebank 1 SMN og Nordea følgjer etter, og alle aukar renta på lån og innskot med inntil 0,25 prosentpoeng.

Publisert: 24.09.2021 15:21

Sist oppdatert: 24.09.2021 15:28

Mer om