Første cruiseskip på 18 månader
Stort tysk cruiseskip kjem til Bergen i august.
Etter halvtanna år med tom cruisehamn er dei første skipa klare for å vitje Bergen. Då kan 2.000 koronaklarerte cruisepassasjerar og mannskap gå i land.
19. august legg det tyske cruiseskipet «Mein Schiff 1» til kai i Bergen, og kort tid etter følgjer to andre skip, skriv E24.
– Dette er veldig positivt for verdiskapinga, seier Arthur Kordt, som er direktør i European Cruise Service.
Helsestyresmaktene opererer for tida med ei grense på maksimalt 2.000 passasjerar og mannskap på skip i norske farvatn. Alle må kunne vise at dei er «fullt beskyttet» mot korona før dei kan gå om bord.
– Bergen opplever i desse dagar eit auka smittetrykk. Om det blir endringar i regelverket for cruisebesøk i august, er umogleg å svare på i dag, seier smittevernoverlege Egil Bovim i Bergen kommune til avisa.
Det som gjeld i dag, er at passasjerane kan gå i land og vitje turistattraksjonar. Bergen Havn AS har i samråd med helsestyresmaktene laga ein plan for korleis få gjester under pandemien.
– Planen er ei god rettesnor, men talet kan bli betydeleg avgrensa, avhengig av situasjonen på den tida cruiseskipa kjem, seier Bovim.
Publisert: 28.07.2021 20:49
Sist oppdatert: 28.07.2021 20:50