Kort fortalt

Første minus sidan starten

Men Longvamør heldt oppe salet.

Marius Rosbach
09.06.2023

Selskapet Longvamør selde mør for meir enn ni millionar kroner også i fjor. Sjølv om det er ein liten nedgang frå året før, har det vore nivået på omsetninga til Skodje-selskapet dei siste åra.

Resultatet vart likevel i minus for første gong sidan oppstartsåra 2010-2011. Det viser årsrapporten frå Brønnøysundregistera.

Longvamør blei starta i 2010 og produserer på Stette i Ålesund kommune.

Dei vidarefører tradisjonsoppskrifter frå 1947 og produkta har tidlegare gått under namn som Odd-møren, Brattvågmør, Longvamør, Krogsæter møre og svinemør fra Brattvåg.

Longvamør As sysselsette to årsverk i fjor og store delar av produksjonen blei kjøpt av Nortura for sal i daglegvarebutikkar.

Rune Klokk og Tore Finsnes eig ein tredel kvar av selskapet, og Nortura eig den siste tredelen.

Ved utgangen av 2022 var eigenkapitalen på knappe 3,6 millionar og langsiktig gjeld på drygt ti millionar kroner, ifølgje årsrapporten.

Longvamør As

Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
9,2
9,7
Driftstresultat
-0,2
0,5
Resultat før skatt
-0,3
0,4

Publisert: 09.06.2023 10:15

Sist oppdatert: 09.06.2023 12:55

Mer om