Kort fortalt

Første Nordfjord-anløp kansellert

Cruiseskip fekk tekniske problem.

Marius Rosbach
28.02.2022
Cruiseskipet Mein Shiff 1 må kansellere anløpet til Nordfjordeid 2. mars fordi stabilisatorane er øydelagde.

Skipet skulle vere det første anløpet i vintercruisesesongen i hamna, men må i staden til verft for reparasjon, opplyser dagleg leiar Eli Førde Aarskog i Sagastad i ei pressemelding.

Passasjarene fekk beskjeden kort tid før avreise frå Bremerhaven. Neste anløp med Mein Skiff 1 er planlagt 8. og 22. mars.

Publisert: 28.02.2022 14:50

Sist oppdatert: 28.02.2022 14:51

Mer om