Kort fortalt

Første underskot for kommunane på fleire år

Det er likevel store forskjellar mellom kommunane i landet.

16.06.2025

(NPK-NTB): Kommunesektoren gjekk i fjor med samla underskot for første gong på mange år. 

Dei reviderte rekneskapstala for 2024 viser at norske kommunar samla sett fekk eit negativt netto driftsresultat på 2,6 milliardar kroner, tilsvarande minus 0,4 prosent av brutto driftsinntekter, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Resultatet kjem av ein kombinasjon av svakare resultat frå ordinær drift av kommunale tenester og dessutan auka finansutgifter. Situasjonen blir beskriven av SSB som eit «dobbelt press» på kommuneøkonomien.

Netto driftsresultat blir rekna som den viktigaste indikatoren for økonomisk balanse i kommunesektoren, og bør over tid utgjere minst 1,75 prosent av brutto driftsinntekter. I fjor låg han på minus 0,2 prosent. I 2023 var også resultatet langt lågare enn før, og indikatoren låg då på pluss 0.8 prosent.

Gjeldsgrada i kommunane har også auka markant sidan 2021. Trenden viser ein auke i den samla netto lånegjelda til kommunane i forhold til brutto driftsinntekter.

Det er likevel store forskjellar mellom kommunane. Nokre slit med høg gjeld, medan andre har utfordringar knytte til ineffektiv drift av tenester. Somme kommunar klarer seg bra trass i høgare finansbelastning, takka vere effektiv drift eller høge inntekter.

Denne økonomiske ubalansen kan potensielt påverke evna kommunane har til å levere tenester og gjennomføre nødvendige investeringar i framtida, åtvarar SSB.

(©NPK)

Publisert: 16.06.2025 11:23

Sist oppdatert: 16.06.2025 11:23

Mer om