Kort fortalt

Første vindturbinen på plass på Haramsøya

Vindkraftmotstandarar vurderer ny anke.

NPK
31.05.2021

(NPK): Den første av i alt åtte planlagde vindturbinar er no sett opp på Haramsøya.

Vindkraftmotstandarar vurderer å anke på nytt etter at dei nyleg tapte ei rettssak mot utbygginga.

Søndag var den første vindturbinen på det omstridde vindkraftverket på Haramsøya fullført, skriv NRK. Turbinane er 150 meter høge og dei tre rotorblada 67 meter lange. I planen til utbyggaren skal det setjast opp til saman åtte vindturbinar i tida som kjem.

Motstandarar av vindkraftverket tapte nyleg ei rettssak mot vindkraftverket, og vurderer no å anke på nytt. Sist helg melde NRK òg at Haram Kraft har søkt om dispensasjon til å kunne arbeide like ved eit freda fugleområde på Haramsfjellet i juni. Tidlegare har Noregs vassdrags- og energidirektorat sagt nei til alt arbeid i området frå februar til juli, på grunn av hekkesesongen.

(©NPK)

Publisert: 31.05.2021 13:00

Sist oppdatert: 31.05.2021 13:15

Mer om