Kort fortalt

Gebyr ved sein ferjebetaling

Har 48 timar på seg for å sleppe gebyr.

NPK
17.08.2021

Har du ikkje Autopass-avtale, må du betale ekstra om du ikkje registrerer ferjeturen på nett innan 48 timar.

Tidlegare, etter at betaling med kort og kontant blei fjerna frå ferjene, har førarar som har fått papirfaktura på ferjestrekningane Mannheller – Fodnes, Lavik – Oppedal og Anda – Lote i Sogn og Fjordane, sloppe unna administrasjonsgebyr. I september blir det slutt på det, skriv avisa Firda.

Teknologiselskapet Skyttel har utvikla løysinga Ferrypay.no for Statens vegvesen. Her kan reisande utan Autopass-avtale registrere ferjeturane sine.

– No som Ferrypay.no er på plass må reisande belage seg på gebyr om turen ikkje er registrert innan 48 timar etter avgang, seier administrerande direktør Vidar Raa i Skyttel til avisa.

Grunnen til at det ikkje har vore slik tidlegare, er at det ikkje har vore ei alternativ løysing for dei utan Autopass-avtale.

For å spreie informasjon om gebyret, har dei innført ulike tiltak.

– Det blir delt ut visittkort til dei som køyrer, med informasjon om korleis ein betaler. I tillegg har Fjord 1 oppslag på ferjene. Eg er litt usikker på dei andre ferjene, seier Raa.

Publisert: 17.08.2021 18:54

Sist oppdatert: 17.08.2021 18:55