Kort fortalt

Geiranger får tilbake politikontor

Men berre om sommaren.

Marius Rosbach
06.01.2023
(NPK-NTB-NETT.NO): Regjeringa opnar opp ni tenestestader med nye politistillingar. Mellom desse er Geiranger i Stranda kommune - i sommarsesongen.

Kontora vart lagde ned av førre regjering.

– Mange kommunar har sendt oss innspel om at avstanden til politiet har vorte for lang. Det kan vere at tenestestaden dei hadde tidlegare har vorte lagde ned, eller at det er kriminalitetsutfordringar til dømes i bydelar i Oslo som tilseier at ein treng meir synleg politi som har tid til å vere til stades, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK.

Ho kalla inn fredag morgon NRK til ein eksklusiv pressekonferanse om saka i Sigdal, éin av stadene som får opna opp politikontoret sitt.

– Dette er første steg i ein lokalpolitiplan. I 2024 vil vi ha totalt 20 nye polititenestestader, seier Mehl.

Dei nye tenestestadene er allereie finansierte med nye løyvingar i statsbudsjettet, så dei vil ikkje gå ut over andre delar av politiet.

Desse plassane får også tenestestader i 2023:

* Engerdal (Innlandet politidistrikt)

* Hvaler (Aust politidistrikt). Berre sommarsesong

* Meråker (Trøndelag politidistrikt)

* Oslo (Mortensrud i Oslo politidistrikt)

* Salangen (Troms politidistrikt)

* Sandefjord (Torp lufthamn i Sør-aust politidistrikt)

* Sigdal (Sør-aust politidistrikt)

* Steigen (Nordland politidistrikt)

Publisert: 06.01.2023 09:45

Sist oppdatert: 06.01.2023 09:49

Mer om