Kort fortalt

Gir løyver til 28 oljeselskap

Får produsere på norsk sokkel.

18.01.2022

(NPK-NTB): Olje- og energidepartementet ha gitt 28 selskap tilbod om andelar i 53 utvinningsløyve på norsk sokkel i den siste tildelingsrunden.

Styresmaktene vurderte søknader frå til saman 31 selskap hausten 2021. Av dei 53 utvinningsløyva er 28 i Nordsjøen, 20 i Norskehavet og 5 i Barentshavet. 17 av utvinningsløyva er tilleggsareal i eksisterande utvinningsløyve.

– Vidare leiteaktivitet og nye funn er avgjerande når vi skal utvikle den norske petroleumsindustrien vidare til det beste for heile landet, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) i ei pressemelding.

Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) er ein årleg leiterunde i dei mest modne områda på norskesokkelen. Dei 28 oljeselskapa får tilbod om andelar i ein eller fleire av desse løyva. 15 selskap får tilbod om eitt eller fleire operatørskap.

– Arealtildelinga i dag er eit viktig bidrag for å halde oppe leiteaktiviteten framover og for at vi kan gjere nye, lønnsame funn, seier Mjøs Persen.

TFO-konsesjonsrundane skjer årleg og innanfor eit førehandsdefinert område. Dei vart innførte i 2003.

– Det er gledeleg at selskapa framleis har stor tru på at det er meir å finne i område med kjend geologi og i nærleiken av eksisterande infrastruktur. Det er viktig å påvise desse ressursane, slik at ledig kapasitet i allereie etablerte prosessanlegg og røyrsystem kan utnyttast. Då kan sjølv små funn gi stor verdiskaping, seier direktør for lisensforvaltning Kalmar Ildstad i Oljedirektoratet i ei pressemelding.

Han legg til at tildelinga i år viser at det framleis er eit stort mangfald blant aktørane med ei god blanding av små og mellomstore selskap og dessutan store internasjonale aktørar.

(©NPK)

Publisert: 18.01.2022 15:23

Sist oppdatert: 18.01.2022 15:24

Mer om