Kort fortalt
Gir opp restaurantdrift etter eitt år
Konkurs for spiseplass på Nordfjordeid.
Marius Rosbach
25.01.2023
Sogn og Fjordane tingrett har opna konkurs i Natas Restaurant etter at leiinga melde oppbod.
Restaurantselskapet i Nordfjordeid vart registrert i januar i fjor, og har ikkje levert rekneskap for 2022.
Ifølgje rettspapira er det ei gjeld på kring 40.000 kroner og anslått verdi på 5000 kroner i selskapet.
Endre Rutledal er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 27. februar.
Publisert: 25.01.2023 15:30
Sist oppdatert: 25.01.2023 15:31