Oclin Torstein Lund Sperstad Atle Vassbotn Remmereit Andreas Solbakken Chris Håvard Berge
MØBEL-OPPDRAG: (frå venstre) Torstein Lund Sperstad, Atle Vassbotn Remmereit, Andreas Solbakken og Chris-Håvard Berge utgjer i dag teamet i Oclin. Her er dei på oppdrag for Slettvoll. I løpet av det neste halvåret håpar dei å tilsette ein til. Foto: Oclin
Nytt

Færre starta nye selskap – fleire gjekk konkurs

Gründerane i Oclin veit kva det betyr å møte tøffe tider – og kome gjennom dei. Sjekk kva selskap som starta opp og gjekk over ende i fjor.

Marius Rosbach
07.01.2023

Langt færre nye bedrifter blei starta opp på Nordvestlandet i 2022, samanlikna med året før. Samtidig gjekk betydeleg fleire konkurs, viser tall NETT NO har henta inn frå Brønnøysundregistera (sjå under)

Årsakene er truleg fleire, men tala viser korleis situasjonen har blitt tøffare for gründerar – og at fleire slit med å kome heilskinna gjennom dei første oppstartsåra.

  • Klikk på kommunenamna under saka for å sjå kva selskap som blei starta opp - og kven som gjekk over ende i 2022

Film- og produksjonsselskapet Oclin veit betre enn dei fleste korleis det er å møte utfordringar – og kome gjennom dei.

I dag har Volda-selskapet som starta opp i 2016, fullt opp å gjere - og har planar om å gå frå fire til fem tilsette i løpet av det neste halvåret.

– I haust var det eit enormt køyr for å kome i mål med alt. No på starten av året har vi ganske mykje på agendaen i ei periode som til vanleg er ganske roleg i vår bransje, fortel dagleg leiar Atle Vassbotn Remmereit til NETT NO.

Atle Vassbotn Remmereit Svalbard foto Oclin 11
SVALBARD: Atle Vassbotn Remmereit leiar film- og produksjonsselskapet Oclin. Her er han på oppdrag på Svaldbard. Foto: Oclin

Tok sjansen på å satse
For kring tre år sidan trefte pandemien selskapet med full kraft. Duoen Atle Vassbotn Remmereit og Chris-Håvard Berge hadde då nettopp tilsett ein tredje person – då store delar av oppdraga forsvann over natta.

Likevel hadde dei ein del filmarbeid som skulle gjerast ferdig – samtidig som det starta å kome førespurnader om strøymetenester frå kundane.

– Vi tente mykje på å snu oss rask rundt på det tidspunktet, seier Remmereit.

I staden for å vere forsiktige og sjå an situasjonen, hadde dei ei magekjensle på at dette med strøymetenester kunne gi meir arbeid. Difor gjekk dei til innkjøp av ein produksjonsbil som gjorde at dei kunne sende frå «kvar som helst».

– Vi tok sjansen på å investere det vi hadde i nytt utstyr, slik at vi kunne tilby kundane det dei ønska, seier han.

Oclin bil Chris Håvard Tobias Ole Herman Foto Oclin 11
INVESTERING: Då selskapet starta å få spørsmål om strøymetenester ved starten av pandemien, tok dei sjansen på å investere i eigen produksjonsbil med sendeutstyr. Det lønte seg. Her frå oppdrag utenfor Bergen med jaktkonkuranser. Foto: Oclin

Stolte på magekjensla – og lukkast
I dag kan dei sjå tilbake på tre år der pilane heile tida har peika oppover, trass ulike koronarestriksjonar. I 2022 passerte selskapet sju millionar i omsetning og vil levere nok eit rekneskap i pluss.

– No trur eg at vi omsider er på veg tilbake til ein slags normal-situasjon, seier gründeren.

Remmereit er ikkje i tvil om at selskapet hadde hatt ei heilt anna utvikling, om dei hadde halde seg til planen dei hadde på det tidspunktet pandemien trefte dei.

– Vi lærte eigentleg at magekjensla var det einaste vi hadde å stole på, seier han.

– Handlar det også om å vere villig til å ta risiko?

– Ja, ein startar gjerne ikkje for seg sjølve fordi det er komfortabelt. Det gjeld også å handle raskt når du får ein indikasjon på at det du gjer er rett, legg han til.

Lurt å ikkje bli for personavhengig
Oclin har heile tida lagt vekt på å bli godt kjent med kundane sine. Remmereit fortel entusiastisk om korleis han opplever å få innsikt i kundane sine mål og visjonar.

– Mottoet vårt internt, er at vi skal kjenne kundane så godt at vi ønsker å jobbe dei. Då kundane kom til oss for å få innspel under pandemien, fekk vi stadfesta verdien av å ha slike gode relasjonar, fortel Remmereit.

Ein anna ting gründeren har lært i løpet av desse åra – der han også har rekt å bli far til to born – er å ikkje la selskapet blir for personavhengig.

– Om eg eller Chris-Håvard skulle bli sjuke så treng vi ikkje kansellere når vi har Torstein og Andreas, pluss fleire gode frilansarar tilgjengeleg. Ein treng bra team spirit, påpeiker han.

  • Klikk på kommunenamna under for å sjå kva selskap som blei starta opp - og kven som gjekk over ende i fjor

Betydeleg auke i konkursar
Utviklinga med konkursar og nyetableringar i fjor viser at det er tøffare tider å vere gründer på Nordvestlandet.

I dei 20 kommunane NETT NO dekker på Nordvestlandet var det registrert 119 konkursopningar i fjor. Det er ei auke på heile 35 prosent samanlikna med dei 88 konkursane som blei registrert i 2021.

Mange av selskapa går dukken i løpet av dei første åra – og statistikken viser at berre kring halvparten av nystarta bedrifter framleis er «i live» etter tre år.

I løpet av 2022 måtte også fleire meir etablerte og større selskap kaste inn handkleet.

  • Klikk på kommunenamna under for å sjå kva selskap som blei starta opp - og kven som gjekk over ende i fjor

Færre startar for seg sjølve
Det har vore ein trend på Nordvestlandet at fleire har starta nye selskap dei siste åra. Også under pandemien steig tala - før pilane snudde og peika nedover i fjor.

Medan det i 2021 blei starta opp 1690 nye selskap i dei 20 kommunane NETT NO dekker, stoppa talet på 1477 i fjor. Det er ein nedgang på drygt 12 prosent.

Det er truleg fleire årsaker til nedgangen frå 2021 til 2022 enn at færre tek sjansen på å starte for seg sjølve. I åra 2020-2021 var det til eksempel ei auke med generasjonsskifte og skattetilpassingar, som gjorde at det vart oppretta fleire nye selskap.

Nyetablerte selskap i 2022

Konkursar i 2022

Klikk på kommunenamna for å sjå selskapa der det vart opna konkurs i 2022

Publisert: 07.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.01.2023 14:22

Mer om