NPK-NTB: Peggy Hessen Følsvik har gitt sagt til valkomiteen at ho ikkje tek attval som leiar i LO. Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum blir peika på som mogleg arvtakar.
Følsvik har vore leiar sidan 2021. Avgjerda tok ho for ei god stund sidan, men ho har venta med å fortelje det til no, seier ho til Frifagbevegelse.
– Dette har eg tenkt på ei stund. Så har eg brukt litt tid, og tenkjer at no er valkomiteen sett. Då var det eit godt tidspunkt å gå offentleg ut med dette, seier Følsvik.
LOs nye leiing skal veljast på kongressen, som møtest 5. til 9. mai seinare i år.
Då er det særleg éin kandidat som fleire medium omtaler som favoritt til å overta leiarvervet, og det er Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.
– Eg skal ikkje konkludere på førehand for kven som skal bli ny LO-leiar. Eg håpar vi har gode kandidatar til det. Så får det bli opp til valkomiteen og kongressen, seier Følsvik til NRK.
Publisert: 26.02.2025 15:09
Sist oppdatert: 26.02.2025 15:09