Gjekk i pluss etter rakettvekst
Teige-selskap med overskot etter to år i minus.
Herøy-selskapet Zewo har hatt fleire år med kraftig vekst, og leverte eit overskot før skatt nær millionen i 2023. Det viser rekneskapen som blei offentleg denne veka.
Nett No kunne allereie i vinter fortelje at selskapet fekk eit nytt år med supervekst. Omsetninga er dobla fire år på rad og enda på knappe 25 millionar i fjor (sjå tabell under).
Medan driftsresultatet enda i minus i 2021 og 2022, vart det drygt éin million kroner i pluss i 2023.
Zewo Chemicals As | ||
Årsresultat (i mill kr) | 2023 | 2022 |
Driftsinntekter | 24,9 | 12,2 |
Driftsresultat | 1,1 | - 0,2 |
Resultat før skatt | 0,9 | - 0,3 |
Selskapet satsa kommersielt for alvor i marknaden for reingjeringsmiddel frå 2020. Nøkkelen til dei gode resultata, er å gjere kunden god, fortalde dagleg leiar Kjell Johansen Fure til Nett No tidlegare i år.
Zewo er ein del av Teige Gruppen som har ulike verksemder innan ulike bransjar langs kysten. Selskapet sysselsette fem årsverk i fjor. Eigenkapitalen ved utløpet av 2023 var på to millionar og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld.
Hovudkontoret ligg på Westinghuset på Eggesbønes, men dei har også utleveringspunkt i Måløy, Ålesund, Rørvik, Bodø, Harstad og Tromsø. I tillegg til Storbritannia, Danmark og Nederland.
Utover å kapre marknadsandelar, har Zewo vekse gjennom fleire oppkjøp Verksemda til vekstselskapet er i hovudsak maritimt retta mot segmenta innan industri og næringsmiddel.
Publisert: 04.07.2024 12:56
Sist oppdatert: 05.01.2025 16:38