Rakettvekst med reingjeringsmiddel
Herøy-selskap har dobla omsetninga fire år på rad.
Herøy-selskapet Zewo har levert kraftig vekst etter inntoget i marknaden for reingjeringsmiddel. Selskapet satsa kommersielt for alvor frå 2020 og omsette for fire millionar det året.
I 2021 veks inntektene til drygt sju millionar – før dei omsette for meir enn 12 millionar kroner i 2022.
Dagleg leiar Kjell Johansen Fure kan fortelje at veksten berre fortsatte i fjor – og omsetninga endte på kring 25 millionar.
– Vi er nøgde med fjoråret, der vi også landa eit positivt driftsresultat, seier han.
Vil auke kunnskapen hos kundane
Nøkkelen til dei gode resultata, er å gjere kunden god, meiner Fure. Difor har dei satsa mykje på å auke kunnskapen ute hos kundane sine.
– Vi går inn og forbetrar prosessane rundt vassbehandling og reinhald. Med smartare metodar, blir kundane meir lønnsame og meir effektive, seier han.
Fure meiner dei dekkjer eit vakuum på leverandørsida i denne marknaden, når det gjeld å drive kompetanseheving direkte hos kundane.
Les også
Har også vekse ved oppkjøp
Zewo er ein del av Teige Gruppen som har ulike verksemder innan ulike bransjar langs kysten. Det gir reinhaldsekspertane tilgang til solide støttefunksjonar i drifta.
Hovudkontoret ligg på Westinghuset på Eggesbønes, men dei har også utleveringspunkt i Måløy, Ålesund, Rørvik, Bodø, Harstad og Tromsø. I tillegg til Storbritannia, Danmark og Nederland.
Utovar å kapre marknadsandelar, har Zewo vekse gjennom fleire oppkjøp. Seinast onsdag blei det kjent at dei har kjøpt Ålesund-selskapet B&B Consult, som gjer at dei utvidar marknaden til vassbehandling med kontroll av legionella og mikrobiologi.
Planar om kraftig vekst vidare
Oppkjøpet gjorde også at selskapet får ein ny tilsett. Tidlegare dagleg leiar i B&B Consult, Lisbeth Blengsli, er no i gong i si nye rolle som leiar for mikrobiologi i Zewo.
Per i dag er Zewo seks tilsette, men Fure reknar med at dei skal bli fleire. For veksten er ikkje over om alt går som dei håpar.
– Vi har budsjettert med kraftig vekst vidare, og både vi og eigarane våre har god trua på at vi skal lukkast, seier han.
Vi har budsjettert med kraftig vekst vidare
Ein rekke spesialprodukt i porteføljen
Verksemda til vekstselskapet er i hovudsak maritimt retta mot segmenta innan industri og næringsmiddel.
I porteføljen har dei egen produktserie med kjemikalier for reinhald, system for vassbehandling - både på veg inn, og på avløpssida - og eit opplæringsprogram på korrekt og sikker bruk av produkta.
Publisert: 09.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 08.02.2024 19:42