(NPK-NTB): Tolvmånadersveksten i gjelda til befolkninga auka frå 3,8 prosent i mars til 4,1 prosent i april.
Førre gong den tolvmånaders gjeldsveksten til publikum var over 4 prosent, var i september 2023 då gjeldsveksten var 4,1 prosent, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
Dei siste tala frå Kredittindikatoren viser at den samla innanlandske gjelda var på 7616 milliardar kroner ved utgangen av april.
Gjeldsveksten aukar for alle dei tre publikumssektorane. Hushalda er den største sektoren og har om lag 60 prosent av den samla gjelda. Dei ikkje-finansielle føretaka har om lag 30 prosent av den samla gjelda til publikum.
Resten er det kommunesektoren som står for. Der er likevel gjeldsveksten størst. Tolvmånadersveksten i kommunane auka til 7,4 prosent april, opp frå 7,1 prosent i mars.
(©NPK)
Publisert: 26.05.2025 09:15
Sist oppdatert: 26.05.2025 09:15





