Gjeldsveksten minkar framleis
Nye tal frå SSB.
(NPK-NTB): Den samla gjeldsveksten held fram med å minke. I januar var tolvmånadersveksten 3,5 prosent, ned frå 3,7 prosent i desember.
Det viser nye tal frå SSB.
Den totale gjelda låg ved utgangen av januar på 7280 milliardar kroner.
Sjølv om norske hushald framleis har ein auke i gjeld, held gjeldsveksten fram med å falle også på dette området.
Veksten låg på 3,3 prosent i januar, ein marginal nedgang på 0,1 prosent frå desember i 2023. Gjelda i hushalda låg ved utgangen av januar på 4311 milliardar kroner.
– Forventningar om at vi no har nådd rentetoppen og at vi etter kvart kan få redusert styringsrente i åra som kjem, ser ut til å ha stabilisert gjeldsveksten på eit lågt nivå, seier seniorrådgivar i SSB, Even Oppedal, i rapporten deira.
(©NPK)
Publisert: 23.02.2024 10:52
Sist oppdatert: 23.02.2024 10:52