IMG 1060
STADT: Hallvard Slettevoll trur prisen vil gi mange nye kontraktar til Gjerdsvik-bedrifta. Foto: Stadt
Kort fortalt

Gjerdsvik-bedrift med gjev pris

Vart heidra for framdriftsløysing til forsvaret.

29.04.2023

Under ein seremoni i London fredag, vart Gjerdsvik-bedrifta Stadt heidra med innovasjonsprisen for sitt framdriftssystem - Stadt Lean Propulsion - spesielt tilpassa militærfartøy. Prisen vart delt ut av Royal Institutions of Naval Architects.

Tidlegare i år fekk Stadt Naval ei stor kontrakt med design og produksjon av framdriftssystem til ei serie med nye fartøy til eit NATO-land.

Stadt var einaste norske prisvinnar i London.

Komiteen som peikte ut Stadt som verdig vinnar, peikte mellom anna på dei mange unike eigenskapane som skip kan dokumentere med den patenterte teknologien, mellom anna dei støyfrie kvalitetane og høg effektivitet.

Adm. dir. Hallvard Slettevoll uttalar at han er stolt over denne internasjonale merksemda.

- Dette stadfestar Stadt sin posisjon som leiande teknologiutviklar, og eg trur at det vil føre til endå fleire kontraktar, både militære og sivile.

Publisert: 29.04.2023 20:21

Sist oppdatert: 29.04.2023 20:23

Mer om