Halte i land storkontrakt på militærskip
Skal elektrifisere skip for Nato-land - har mål om milliardomsetning.
Stadt har sikra seg si største forsvarskontrakt for elektrifisering av militære skip til eit Nato-land, ifølge ei pressemelding.
Utviklingsarbeid og produksjon vil strekke seg over fleire år framover.
Mål om milliardomsetning
Få detaljar kring den nye storkontrakten prosjektet blir offentleggjort, men ifølgje dagleg leiar Hallvard Slettevoll vil kontrakta få mykje å seie for den vidare utviklinga for selskapet.
- Vi ser for oss at at dette kan vere med å gi ein langsiktig vekst, både her i Gjerdsvika og kanskje andre plassar, sier Slettevoll til NETT NO.
Selskapet har vore nede i ein bølgedal, men ordrereserven er no på 100 millionar kroner.
- Målet er ein milliard i omsetning i løpet av, la oss seie fem år, legg han til.
Treng enno fleire folk
NETT NO omtala nyleg at selskapet var i gong med si største oppbemanning på fleire år. No treng bedrifta endå meir folk.
- Kontrakten gir mykje arbeid og optimisme for staben i Gjerdsvika, som i dag tel 12 tilsette, men som no raskt vert utvida til om lag 15 tilsette, opplyser Slettevoll.
Han fortel at dei gjerne skulle hatt fleire norske søkjarar, og han ser ikkje vekk frå at dei må rekruttere folk som bur utomlands for å komme i mål med oppbemanninga.
Les også
Nyleg testa av sjøforsvaret
Stadt skal stå for ei omfattande leveranse med engineering og energi- og framdriftsteknologi for Nato-skipa.
Teknologien er utvikla av bedrifta sjølv, og nyleg testa av det norske sjøforsvaret.
Målingane viste at Stadt-løysinga har overgår andre teknologiar på marknaden når det kjem til støy, effektivitet og pålitelegheit over tid, opplyser selskapet.
Har satsa mot forsvarsmarknaden
Selskapet har siste åra satsa stort inn mot forsvarsmarknaden, og har levert framdriftsløysingar til fleire militære skip.
I fjor var FSi, Forsvars- og sikkerheitsindutsriens forening på besøk ved Gjerdsvik-bedrifta.
Mot slutten av året signerte også Stad ein samarbeidsavtale med
danske SH Defence om å integrere teknologien dei to selskapa har
utvikla.
Publisert: 18.01.2023 10:15
Sist oppdatert: 18.01.2023 11:02