Kort fortalt
God betaling til Havila Jupiter
Får 1,3 millionar dagen for riggflytt.
09.05.2023
Havila Shipping får 1,3 millionar kroner dagen med Equinor for flytting av riggen Askepott. Arbeidet har starta og vil vare inntil 14 dagar. Dette melder skipsmeklaren Simpson Spence Young.
Ankerhandlaren Havila Jupiter er 13 år gamal, har ei lengde på 92,0 meter og breidde på 22,0 meter, og er utstyrt med ROV-ar som kan operere ned til 3.000 meter djupne.
Maersk Minder skal delta på same oppdraget, og får 1.450.000 kroner dagen, noko som er ny rekord for året.
Publisert: 09.05.2023 17:47
Sist oppdatert: 10.05.2023 00:05