Kort fortalt

God lønnsemd for klatrepark

Nytt pluss i Valldal.

Marius Rosbach
26.07.2022

Valldal Aktivitetspark fekk eit nytt solid år i fjor, viser rekneskapa som no er offentleg.

Med 3,4 millionar kroner i inntekter fekk klatreparken si høgaste omsetning sidan 2017. Lønnsemda har også vore god dei siste par åra, etter mager inntening i 2018 og 2019.

Både 2020 og 2021 gav resultat før skatt på meir enn ein halv million. Det gir ein resultatmargin på godt over ti prosent.

Dagleg leiar Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal eig 45 prosent kvar av selskapet, medan Nils Jarle Hjelme eig ti prosent i klatreparken.

Publisert: 26.07.2022 11:01

Sist oppdatert: 26.07.2022 11:03

Mer om