Kort fortalt

Gode tider for eksport av fornybar-teknologi

Eksport for 11 milliardar i fjor.

11.10.2016
(NPK-NTB): Medan oljeleverandørane slit, sender norske leverandørar stadig meir fornybar-teknologi ut av landet.
Ifølgje selde norske bedrifter i 2015 varer og tenester innan fornybar energi for over 11 milliardar kroner i utlandet. Det er ein auke på 3 milliardar frå året før, viser ferske tal frå Eksportkreditt.
Utbyggingsdelen til selskapet Scatec Solars er den største eksportøren av fornybar-teknologi. Dei utviklar og byggjer ut solkraftverk som dei sjølv eig og driv. I 2015 eksporterte dei for 789 millionar kroner. Om ein legg til tenester som dotterselskapa til Scatec i utlandet leverer, blir totalt utanlandsomsetning nær 1,2 milliardar kroner.
– Omsetnaden er driven fram av ein framleis sterk vekst i utbygginga av ny kapasitet i storskala solparkar globalt, seier finansdirektør i Scatec Solar Mikkel Tørud.
Det siste året har to store prosjekt i Honduras og Jordan vore dei viktigaste for selskapet. Bak Scatec på lista over dei største fornybarleverandørane følgjer Siem Offshore og Fred. Olsen Ocean. (©NPK)

Publisert: 11.10.2016 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44