Gode tider for møbel
Eksportauke på 11 prosent i fjor.
(NPK): Eksporten av norske møblar auka med 11 prosent i koronaåret 2020.
Dette skjer ifølgje ei pressemelding som Sunnmørsposten siterer, etter fleire år med ein svak eksportvekst. Eksporten har auka til fleire land, men USA er no for første gong den viktigaste eksportmarknaden. Ei svak norsk krone er gunstig for eksportindustrien, samstundes som at stadig fleire bedrifter jobbar meir direkte mot utlandet.
Samstundes som bedriftene har god ordreinngangen har koronaepidemien også ført til høg prisvekst på råvarer som metall og trevare, og transportkostnadene har også auka. Egil Sundet i NHO-organisasjonen Norsk Industri håper denne prisauken er forbigåande.
Han minner om at møbelindustrien og heile design– og ferdigvareindustrien her i landet har dårlegare rammevilkår enn konkurrentane i nabolanda. Han meiner det derfor er viktig med eit eksportkontor for bransjen, særleg risikoavlasting og pengar til auka profilering av norske designprodukt.
Egil Sundet meiner at ordninga med investeringstilskot er dårleg i Noreg samanlikna med nabolanda, og han åtvarar om at det gjer det mindre attraktivt å investere i Noreg. No håpar han at ei ny regjering vil ta tak i dette.
(©NPK)
Publisert: 06.10.2021 15:29
Sist oppdatert: 06.10.2021 15:33