Kort fortalt

Godkjende oppdelinga av Ålesund

Stortinget vedtok også fylkesoppdeling.

14.06.2022

Oppdelinga av Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark fylke og Ålesund kommune vart formelt vedteken av Stortinget tysdag.

Forslaget som vart vedteke av Stortinget tysdag er i stor grad det same som den opphavlege proposisjonen til regjeringa.

Dermed er det politisk vedteke at dagens Viken gå tilbake til gamle Akershus, Buskerud og Østfold fylke frå og med 1. januar 2024, med unntak for at det ikkje er avgjort kvar Jevnaker og Hole skal høyre til. Hole høyrde til Buskerud før samanslåinga, medan Jevnaker vart overført frå Oppland.

I tillegg skal Vestfold og Telemark gå kvar til sitt, og det gjeld også Troms og Finnmark. Dermed vil Noreg ha 15 fylke frå 2024. Av dei samanslåtte fylka frå regionreforma står Agder, Innlandet og Vestland att.

Det er også vedteke at storkommunen Ålesund skal delast inn i Ålesund og Haram, der kommunegrensene for nygamle Haram kommune blir dei same som før samanslåinga. Det var lenge diskusjonar om Haram skulle få justert grensene sine, slik at ein stor del av innbyggjarane vart verande i Ålesund kommune.

Publisert: 14.06.2022 17:44

Sist oppdatert: 14.06.2022 17:45

Mer om