Kort fortalt

Godt nytt om knølkval i Antarktis

Bestanden i sterk vekst.

Marius Rosbach
30.08.2021

(NPK): Havforskarane jublar etter at store mengder knølkval no er tilbake i Sørishavet mellom Sør-Amerika og Antarktis.

– Dette er ei skikkeleg gladnyheit. Vi ser her at bestanden i det sørlege Atlanterhavet er i sterk vekst, og at kvalane tek tilbake dei tradisjonelle sommarbeita sine i havområdet, seier havforskar Bjørn Kraft ved Havforskingsinstituttet i ein artikkel på nettsidene til instituttet.

Forskarar frå Havforskingsinstituttet og British Antarctic Survey reknar ifylgje instituttet med at det er over 24.500 knølkval på sommarbeite berre i havområdet rundt Sør-Georgia og Sør-Sandwich-øyane.

Det er ikkje sjølvsagt. Etter storstilt kvaljakt i området frå tidleg på 1900-talet og fram til femtitalet, var heile bestanden av knølkval i ferd med å bli utrydda. Men etter rundt femti år med fangstforbod kan forskarane konstatera at bestanden no er tilbake.

(©NPK)

Publisert: 30.08.2021 10:01

Sist oppdatert: 30.08.2021 10:06

Mer om