Kort fortalt
Godøybedrift får miljøpris
Gjer fiskeavfall til gjødsel.
14.11.2023
Hogstein Agro, med eigar Odd Christian Stenerud, bidrar til ein vinn-vinn situasjon for landbruksnæringa, fiskerinæringa og miljøet. Det er grunngjevinga for at selskapet for Møre og Romsdal Fylkeskommune sin miljøpris for 2023.
Hogstein Agro har sitt utspring i Høgstein Gard på Godøya i Giske kommune. Firmaet har utvikla produktet Urea Gjenbruk der dei brukar restråstoffet urea frå lokal marin oljeproduksjon til gjødsel for landbruket.
Urea kjem i pulverform og inneheld store mengder nitrogen. Det har blitt testa som alternativ til kunstgjødsel med positive resultat, heiter det i ei pressemelding.
Publisert: 14.11.2023 11:40
Sist oppdatert: 14.11.2023 11:40