Kort fortalt

Golden Energy-finansiering er komplett

Oppdatering frå reiarlaget.

Marius Rosbach
15.07.2025

Golden Energy Offshore Services melder tysdag at dei har på plass ny finansiering for alle sine skip. 

I slutten av juni fortalde reiarlaget i Ålesund at dei hadde sikra ny finansiering for seks av sju fartøy. No er også Energy Swan-fartøyet inkludert, ifølgje børsmeldinga.

Reiarsjef Per Ivar Fagervoll omtala avtalen som ein «game changer». Den skal mellom anna føre til ein reduksjon på 50 prosent  av reiarlaget sine månadlege kapitalkostnader.

Publisert: 15.07.2025 11:49

Sist oppdatert: 15.07.2025 11:49

Mer om