Reiarlaget Golden Energy Offshore Services melder måndag at dei har fått på plass ei ny finansieringsløysing.
Det gjeld ein sal og leaseback-avtale for flåten på sju skip på 95 millionar dollar - kring 960 millionar kroner med dagens kurs, ifølgje børsmeldinga.
«Dette er en game changer for Golden Energy Offshore Services, som nå får en langt mer fleksibel og vekstorientert plattform i et marked preget av høyere rater», uttaler reiarsjef Per Ivar Fagervoll Golden Energy Offshore Services i ei pressemelding.
Gir moglegheiter for vekst
Avtalen er inngått med Neptune Maritime Leasing og vil føre til ein reduksjon på 50 prosent av reiarlaget sine månadlege kapitalkostnader.
Fagervoll fortel at reiarlaget med denne avtalen vil ha fridom til å bygge kapital, vekse og levere på det aksjonærane deira venta.
Ifølgje børsmeldinga er finansieringa på plass for seks av sju fartøy, og det er venta at finansieringa av det siste skipet vil vere på plass innan juli.
Opnar for å utvide med fleire skip
Neptune Maritime Leasing som ein førsteklasses finansaktør, og Fagervoll ser dei som ein ideell partnar for reiarlaget.
Ein sal og leaseback-avtale betyr at selskapet sel skipa, og deretter leaser dei tilbake. Det gjer at reiarlaget får frigjort kapital, samtidig som dei kan halde fram med å operere skipa.
Fagervoll opplyser at avtalen gir ein meir berekraftig struktur på kostnadene, moglegheiter for framtidig utbytte og tilgang på supplerande finansiering med ein lånegrad opptil 60 prosent. Det gir også moglegheiter til å utvide flåten.
Publisert: 30.06.2025 23:30
Sist oppdatert: 30.06.2025 23:30






