(NPK-NTB): Folk som jobbar i helse- og omsorg og solkraft kan frå neste år kan spe på kompetansen sin med ekstra utdanning som blir betalt av det offentlege.
Frå 2025 til 2027 kan tilsette i til saman fem bransjar få tilbod om korte og relevante vidareutdanningar. I tillegg til at helse- og omsorg og solkraft blir omfatta, blir liknande program vidareført for industri- og byggnæringa i tre nye år.
Regjeringa har i statsbudsjettet sitt foreslått å auke tilskotsordninga med 15 millionar kroner.
– Mangel på kompetent arbeidskraft kan ikkje berre løysast ved å utdanne fleire. Kompetansepåfyll til dei som allereie er i jobb, er minst like viktig, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke kompetansepåfyll i utvalde bransjar. Opplæringstilbodet skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.
(©NPK)
Publisert: 28.10.2024 09:23
Sist oppdatert: 28.10.2024 09:23