NPK-NTB-Isabel Bech; Norske studentar som kjem heim frå studieopphald i utlandet, slepp å betale eigenandelen for opphald på karantenehotell.
Det opplyser regjeringa i ei pressemelding onsdag. Endringa trer i kraft frå 27. mai.
– Smittesituasjonen blir endra raskt, og vi må tilpasse regelverket for kven som skal vere på karantenehotell tilsvarande. No er det smittesituasjonen i landet du er i som avgjer om du må i karantene eller ikkje, og kor lenge du må vere der, seier justisminister Monica Mæland (H).
Publisert: 26.05.2021 12:48
Sist oppdatert: 26.05.2021 12:50