Kort fortalt

Gratisbillett som marknadsføring

Havila Kystruten-kampanje i august.

08.08.2023

Selskapet markerer at alle fire skip er i trafikk med eit tilbod om gratis reise fra ei hamn til ei anna frå 17. august og ut månaden.

Tidlegare i sommar fall omsider alle brikkane på plass for å få refinansiert selskapet og fridd det frå bindingane til den opphavlege långivarene, eit statseigd russisk finansieringsselskap.

Dermed kan også dei to siste fartøya settast i drift.

17. august startar Havila Polaris i rute langs norskekysten, og søsterskipet Havila Pollux går fra Bergen 23. august.

Gratisbillettane må bestillast på nett, og gjeld frå hamn til hamn på strekningar på inntil seks timar. Det er råd å bestille billettar på fleire strekningar, men passasjerane som eventuelt gjer det må sjekke ut og inn igjen i kvar hamn.

Publisert: 08.08.2023 10:14

Sist oppdatert: 08.08.2023 10:14

Mer om