Grovare lovbrot innan laksefiske
Det er mindre av ulovleg laksefiske her i landet, med unntak for Vestland og Nordland.
Lovbrota som blir gjort, er grovare enn før, opplyser Miljødirektoratet.
No skal styresmaktene trappe opp overvakinga i desse to fylka for å få bukt med det ulovlege fisket.
– Feltpersonellet vårt i Statens naturoppsyn (SNO) ser at det er fleire alvorlege brot enn før. Garnlenkjene som blir nytta, er både lengre og har større maskevidd enn før. Dette er reiskap som er eigna til å fange store mengder fisk på kort tid, seier miljødirektør Ellen Hambro i ei pressemelding.
Ho seier nokre av tilfella SNO har avdekt, kan tyde på at det er økonomisk motivert fiske.
I 2022 vart det gitt 27 straffegebyr. Dei meir alvorlege tilfella vart melde til politiet.
Mange laksebestandar i Noreg er trua eller har gått tapt. Ulovleg fiske kjem på toppen av andre kjende truslar, som sjukdom og framande artar.
Det kjem mange tips om ulovleg fiske, og Hambro ber folk halde fram med å seie frå anten til politiet eller miljøstyresmaktene.
Hambro er glad for at talet på lovbrot totalt sett har gått ned.
– Spesielt ser vi at tiltaka i Troms har hatt god effekt med ein stor nedgang i lovbrot dei siste åra, seier ho.
Publisert: 25.04.2023 19:50
Sist oppdatert: 25.04.2023 19:50