Kort fortalt
Grøne EU-milliardar til vestlandsfirma
Nordfjord-prosjekt får støtte.
14.07.2023
(NPK): Fem norske prosjekt får til saman 5, 7 milliardar kroner frå EU sitt innovasjonsfond. Blant dei er to grøne prosjekt i Bremanger og Årdal.
Norway Fortescue Future industries i Bremanger får støtte til å produsere grøn hydrogen frå fornybare kjelder. Prosjektet skal bruke vasskraft til å produserer flytande ammoniakk, melder NRK. Norsun i Årdal får 606 millionar kroner til å utvide deleproduksjonen til solenergi. Freyr får pengar til battericellefabrikk i Mo i Rana, og Nordic Electrofuel får støtte til å starte produksjon av karbonnøytralt e-drivstoff på Herøya. Vianode får pengar til å produsere delar til bilbatteri på Herøya.
(©NPK)
Publisert: 14.07.2023 17:33
Sist oppdatert: 14.07.2023 17:33