Kort fortalt

Grønland opnar for sjøpølse-fiske

Tar grep for å auke aktiviteten ved fiskefabrikkane.

16.07.2024

(NPK-NTB-Ritzau): Grønland har gitt grønt lys for forsøksfiske av sjøpølse for å bøte på arbeidsmangelen i lågsesongen.

Grønland vil sjå om fisket kan auke aktiviteten ved fiskefabrikkar i lågsesongen om vinteren, ifølgje fiskeristyresmaktene på Grønland.

– Dermed kan fisket etter sjøpølser potensielt skape nye moglegheiter for det kystnære fisket, heiter det frå styresmaktene.

Forsøket skal også brukast til å innhente kunnskap om farvatnet utanfor Grønland og moglegheitene for nye kommersielle fiskeri.

Ei sjøpølse er eit havdyr utan fast skjelett og har ein pølseforma kropp. Den kan bli opptil ein meter lang.

Sjøpølse er ei verdifull eksportvare til asiatiske land. Innbyggjarar kan søkje om å delta i fisket fram til 27. juli, og forsøket skal vare fram til slutten av året.

(©NPK)

Publisert: 16.07.2024 11:55

Sist oppdatert: 16.07.2024 11:55

Mer om