Kort fortalt

Grønt lys for arrest av skip

Tidlegare tilsette vann fram mot Vestnes-reiarlag.

17.01.2024

Fem tidlegare tilsette har vunne fram mot Aas Kystservice, etter å ha gått til retten for manglande lønn, melder NRK Møre og Romsdal.

Dårleg likviditet i Vestnes-reiarlaget var årsaka til den manglande utbetalinga til dei fem utanlandske sjøfolka som var organisert i Norsk Sjømannsforbund.

Møre og Romsdal tingrett har avgjort at reiarlaget må betale kring 815.500 kroner til saksøkarane. For å sikre at dei får lønna, har dei også fått løyve til å ta arrest i skipet, ifølgje kanalen.

Publisert: 17.01.2024 12:37

Sist oppdatert: 17.01.2024 12:39

Mer om