Grønt vekstlån til Norwegian Hydrogen
Innovasjon Noreg gir 35 millionar i lån.
Grøne vekstlån er ei ordninga som finansiere blant anna store prosjekt i form av kapitalintensive industrietableringar.
Slike lån kan bli gitt bedrifter som investerer i sirkulære produksjonsprosessar skal bidra til at Noreg når 55-prosentsmålet for klimagassreduksjon innan 2030, og til investeringar som bidrar til grøn omstilling, ifølgje ei pressemelding frå Innovasjon Norge.
Norwegian Hydrogen investerer i overkant av 100 millionar kroner i hydrogenproduksjonsanlegg på Hellesylt. Anlegget skal starte produksjon i sommar og mykje av investeringa er allereie gjort.
Lånet frå Innovasjon Noreg frigjer ein del av eigenkapitalen som er investert på Hellesylt, som Norwegian Hydrogen kan investere i nye prosjekt.
Publisert: 31.01.2024 14:24
Sist oppdatert: 01.02.2024 22:27