(NPK-NTB): Eit ekspertutval meiner det er mogleg å kutte klimautsleppa frå innanriks norsk skipsfart med 40 prosent innan 2030 og fjerne dei heilt innan 2050.
Meir enn 30 aktørar innan norsk skipsfart står bak rapporten «Sjøkart for grøn skipsfart» som onsdag blei overlevert til regjeringa sitt ekspertutval for grøn konkurransekraft.
Rapporten skisserer korleis styresmaktene og den maritime næringa kan jobbe fram mot ein meir miljøvenleg og effektiv kystfart.
– Grepa som må takast er djuptgripande, på linje med det som er gjort innan norsk elbilpolitikk. Forskjellen er berre at vi ikkje har nokon elbilproduksjon, men vi byggjer båtar og har ei stor rolle som leverandør av avanserte tenester og utstyr til skip, seier Jon Rysst som er DNV GLs maritime leiar for Nord-Europa. (©NPK)

Publisert: 05.10.2016 13:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44