Kort fortalt

Langvarig stopp i arbeidsreiser

Vil gi store problem for fleire næringar.

26.02.2021

Arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier det sannsynlegvis ikkje vil bli vanlege arbeidsreiser til Noreg før etter sommaren.

29. januar stengde regjeringa grensene for utlendingar som ikkje er busette i Noreg. Dermed vart det full stopp i normale arbeidsreiser for utlendingar til landet.

Til Klassekampen fredag seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at vi må belage oss på strenge innreiserestriksjonar i lang tid. Det kan gi utfordringar for store byggjeprosjekt, jordbruket og andre næringar som nyttar seg av utanlandsk arbeidskraft.

– Vi må vere førebudde på å ha strenge innreiserestriksjonar i månader framover, seier han.

Ifølgje Isaksen kan vi ikkje forvente at utlendingar kan gjere normale arbeidsreiser til Noreg før etter sommaren. Arbeidsministeren innrømmer at dei strenge innreisereglane kan få konsekvensar for norske bedrifter som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft.

– Det kan bety store forseinkingar i byggjeprosjekt, og det kan bli vanskeleg for norsk landbruk å få dei folka dei treng for å få planta og hausta maten vi skal ha, seier Isaksen.

Publisert: 26.02.2021 08:05

Sist oppdatert: 26.02.2021 08:11