Kort fortalt

Hadde sjenerande lys i førarhuset

Vogntogførar fekk køyreforbod.

05.01.2022

Statens vegvesen gjennomførde trafikkontroll ved Ørskogfjellet kontrollstasjon natt til onsdag. Då vart det gitt bruksforbod til eit køyretøy grunna sjenerande lys i førarhytta.

Totalt vart det kontrollert 28 tunge køyretøy.

Ein førar fekk 1000 kroner i gebyr og eitt foretak fekk 2000 kroner for alvorlege manglar med køyre- og kviletid.

Det vart også gitt fleire skriftelege advarslar for mindre brot på køyre- og kviletidsreglar.

Statens Vegvesen opplyser at det også vart utskrivne fleire kontrollsetlar med tekniske manglar som må utbetrast, blant anna sprekk i frontrute, feil med lys og luftlekkasje.

Publisert: 05.01.2022 11:57

Sist oppdatert: 05.01.2022 12:00

Mer om