Kort fortalt

Ny direktør for Vestlandsforsking

Hamre går frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

NPK
19.10.2021

Anne Karin Hamre tek over som direktør for Vestlandsforsking i januar 2022.

Hamre er tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane, og i dag er ho ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Eg gler meg til å leie eit sterkt forskingsinstitutt som er i god vekst, seier Hamre i ein kommentar.

Den noverande leiaren Anders-Johan Almås gir seg ved årsskiftet. Styreleiar Aleksander Øren Heen, som sjølv har vore sentral i rekrutteringsprosessen, er svært nøgd med å ha fått Hamre som ny direktør.

– Styret er trygge på at Anne Karin Hamre vil fylle rolla som direktør på ein god og tillitvekkjande måte, og at ho vil bidra med eit stor nettverk og kunnskap om offentleg forvalting. Ho har også lang leiarerfaring frå ulike organisasjonar, seier han.

Anne Karin Hamre er 56 år gammal og kjem frå Leikanger i Sogn. Ho er utdanna statsvitar og har arbeidd som journalist og som leiar i offentleg sektor. Mellom 1998 og 2018 var ho tilsett hos Fylkesmannen, først som rådgivar, seinare administrasjonssjef og frå 2008 som assisterande fylkesmann.

Frå 2011 til 2018 var ho fylkesmann i Sogn og Fjordane, før ho gjekk over til stillinga som ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho har også leidd eit nasjonalt utval og vore styreleiar for Veterinærinstituttet.

Publisert: 19.10.2021 15:54

Sist oppdatert: 20.10.2021 08:44