Helge Robert Midtbø har måndag sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Linja, ifølgje ei pressemelding.
Han kjem frå stillinga som direktør for drift og eigedom i Helse Førde, og har vore varaordførar i Sunnfjord kommune. I samband med jobbskiftet går han ut av det politiske vervet.
Midtbø er er busett i Førde og vil ha fast kontorplass i Florø.
Som andre nettselskap opplever Linja auka etterspurnad etter kapasitet, og dette blir ein viktig del av utviklingsarbeidet framover.
Midtbø vil bruke den første tida på å bli kjent med organisasjonen, strategiane, økonomien og dei pågåande sakene. Han vil òg reise rundt på dei ulike lokasjonane for å treffe tilsette og få innsikt i drifta i heile forsyningsområdet, ifølgje meldinga.
Publisert: 02.02.2026 09:51
Sist oppdatert: 02.02.2026 09:52






