(NPK): Denne veka varsla Donald Trump at USA kom til å ilegga EU ein tollsats på 25 prosent.
Dette kan særskilt råke Møre og Romsdal fylke rapporterer Nationen.
Ein stor del av norsk eksport skjer langs kysten og i distrikta, og det nordlegaste vestlandsfylket toppar statistikken med eksport verd 100 milliardar kroner i 2023.
Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, er bekymra:
– Det er veldig mange arbeidsplassar som er knytte til eksport i Møre og Romsdal, og dei fleste distriktskommunar har veldig aktive og levande norskeigde verksemder.
Solheim set også ord på korleis slike tollmurar kan slå ut for den norske økonomien breitt sett:
– Ein mogleg nedgang i eksporten og dertil lågare aktivitet, kan føre til at offentleg sektor i neste runde får mindre skatteinntekter. Når det vert usikre tider, bruker folk mindre pengar og færre verksemder tør å satse på innovasjon og vekst, det vert mindre aktivitet i økonomien generelt sett, seier ho.
Fleire har argumentert for at Noreg burde prøve å framforhandle eit unnatak med USA. Ein av dei er Harald Solberg, administrerande direktør i Norsk industri, som påpeiker at Noreg fekk eit slik unnatak under tollen på stål og aluminium Trump innførte i 2018. Ein annan er Erna Solberg.
– Eg ventar at regjeringa kjem raskt på banen med ein plan om korleis Noreg skal møte denne situasjonen, sa høgreleiaren i ei pressemelding onsdag.
(©NPK)
Publisert: 28.02.2025 12:39
Sist oppdatert: 28.02.2025 12:39