Møre og Romsdal dreg frå resten av landet
Innovasjon Norge-sjefen trur regionen har mykje å lære bort.
Møre og Romsdal har tidlegare vore på topp av landets fylker når det kjem til eksport per sysselsett. Ferske tal viser at det var slik også i 2023 – og fylket dreg i frå resten av landet.
– Forspranget som Møre og Romsdal har hatt på eksportinntekter per innbyggjar, har auka samanlikna med resten av landet, fortel administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Norge til NETT NO.
Les også
Lukkast betre enn resten av landet
Denne veka var Haugli på besøk i Ulsteinvik for å bli orientert om ulike verksemder i nærmiljøet.
– Møre og Romsdal fylke - og spesielt den maritime klynga - lukkast betre med det vi må lukkast med nasjonalt, enn det andre plassar i landet gjer, slår Haugli fast under besøket i Ulsteinvik denne veka.
Teknologiutvikling, grøn omstilling og eksport er områder han meiner næringslivet på Nordvestlandet er spesielt gode på.
– Desse tinga er folk «verdsmeistrar» på akkurat her vi er no, legg han til.
Besøkte Prodtex og Ulstein Verft
Under besøket fekk Innovasjon Norge-sjefen høyre korleis Prodtex hadde vekse fram. Dei satsar på produksjon av ulike stålkonstruksjonar som det vil vere store behov framover.
– Vi har fått støtte til å bygge opp ein fabrikk, og vi ser at kapasiteten og evna vi har opparbeida oss, gjer at vi kan produsere fleire produkt som er heilt nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet, seier forretningsutviklar Tore Roppen i Prodtex til NETT NO.
Seinast denne veka kunne dei fortelje om eit nytt samarbeid med Odfjell, om å lage understell for flytande vindturbinar.
Haugli fekk også tid til ein tur innom Ulstein Verft, for å sjå bygginga av det første av fleire serviceskip til vindkraftindustrien. Det har vore eit vekstområde for skipsbyggjarkonsernet i kjølvatnet av offshorekrisa og nedgangen i cruisemarknaden.
Mange underinvesterer i sal og marknad
Ein av grunnane til at Innovasjon Norge-sjefen ville ta turen til Nordvestlandet, er at han meiner resten av landet har noko å lære av landsdelen.
Ein gode eigenskap han meiner pregar næringslivet her i regionen, meir enn andre plassar, er evna til å kommersialisere verksemda.
– Stressless er framleis den mest kjente merkevara i verda. Vi ser at mange bedrifter underinvesterer, eller investerer for seint i sal og kompetanse på marknadsføring, seier han.
Haugli trekk fram både møbelindustrien og den maritime klynge, som eksempel på bransjar som har «auge og øyrer» i marknaden, og evnar å omsette kunnskapen til nye innovasjonar.
Publisert: 01.03.2024 15:04
Sist oppdatert: 01.03.2024 15:06