Handelsstanden i Ørsta reagerer på ein avtale mellom Alti og Ørsta kommune om kjøp av kommunalt areal, ifølgje Møre-Nytt.
Dei meiner kommunen tapar pengar på at Alti får kjøpe eit areal tilsvarande 60 parkeringsplassar til 1550 kroner kvadratmeteren.
Det gir ein totalpris på drygt 2,3 millionar kroner for arealet dei vil kjøpe kring kjøpesenteret i sentrum.
Handelsstanden meiner ein i staden skulla nytta ei ordning med frikjøp av areal til parkeringsplassar, om er nytta i kommunen sidan 2000. Ifølgje denne avtalen ville prisen på arealet blitt heile 16,5 millionar kroner.
– Dette ville gi kommunen kapital til å bygge ut parkeringsbehovet i sentrum og få betalt for arbeidet og investeringa som kommunen har gjort med parkeringsplassar i til dømes området rundt kulturhuset, uttaler Hermod Nupen, Petter Myklebust, Syver Nupen og Hallbjørn Staurset til avisa.
Handelsstanden viser også til at arealet i si tid vart finansiert av momskompensasjon, frikjøpspengar og kommunale midlar. Saka skal til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Publisert: 17.11.2025 10:50
Sist oppdatert: 17.11.2025 10:50






