Kort fortalt

Har betalt ut 12 koronamilliardar

597 millionar kroner i koronakompensasjon betalt tilbake.

21.07.2021

Skatteetaten har fått betalt tilbake 597 millionar av kronene som er tildelte i koronakompensasjon. I alt har dei kravd tilbake 662 millionar kroner.

101 millionar er kravde tilbake som følgje av etterkontrollar, medan nokre få har betalt tilbake heilt uoppmoda, viser tal Dagens Næringsliv har innhenta.

I alt vart det utbetalt 6,7 milliardar kroner i koronakompensasjon i 2020 frå statskassa til koronaramma bedrifter. Den gong hadde Skatteetaten ansvaret for ordninga, som no er overteken av Brønnøysundregistera.

I alt er det betalt ut 12 milliardar i koronakompensasjon sidan ordninga vart starta.

For å få pengar frå ordninga må bedrifta ha hatt eit omsetningsfall som hovudsakleg kjem av koronapandemien, på minst 30 prosent i tilskotsperioden.

Avdelingsdirektør Rune Langsø Johansen i innkrevjingsdivisjonen i Skatteetaten seier til avisa at mange av sakene kjem av at bedriftene har endra søknaden sin etter innrapportering og etter at pengane er utbetalte.

– Årsaka er i mange tilfelle at rekneskapsførar eller revisor har gått igjennom rekneskapen og funne feil i søknaden, seier han, og legg til at det ikkje er noko som tyder på omfattande misbruk av ordninga.

Publisert: 21.07.2021 07:59

Sist oppdatert: 21.07.2021 08:00